Flo Gardsmat er etablert i bygda Flo på nordsida av Strynsvatnet i Stryn kommune. Flo har lange tradisjonar innan fruktdyrking.
På garden Øvre-Flo er her sågar eit epletre
som er over 450 år gammalt, som framleis ber frukt.
På garden hadde vi mjølkeproduksjon fram til 2006. No driv vi kun med fruktdyrking, poteter og jordbær.
Vi i Flo Gardsmat vonar at våre produkt
fell i smak, og vi høyrer gjerne ifrå Dykk.
Helsing
Sonja og Jon Gudbrand Kveen Øvre-Flo